Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Politisk organisering

Politisk organisering

Kommunestyret er det øvste organet i kommunen jf. kommunelova § 5-3. Kommunestyret har eit særleg ansvar for den heilskaplege styringa av kommunen og som øvste plan- og budsjettorgan er det viktig å gjere ei rettvis fordeling mellom ulike interessar og prioritere innafor den samla ressursramma som kommunen rår over.

Kommunestyret kan delegrer mynde til å treffe vedtak til andre folkevalte organ, ordførar eller kommunedirektøren (rådmann) innanfor rammene gjeve av kommunelova eller andre lover. Ei slik delegereing skal handsamast i kommunestyret med vedtak.

Modalen kommunestyre har 13 medlemmer og er ikkje partipolitisk samansett. Representantane kjem frå 2 bygdelister: Samlingslista og Solrenningslista.

Ordførar i kommunen er Kjetil Eikefet (til 2023).

Laster...