Arkivplan.no

Modalen kommune

MoKyrkje

skøyter

skulptur

oster

kvernhus

alva3

 

Arkivplan for Modalen kommune

Arkivplanen skal sikra at Modalen kommune tek i vare arkivansvaret etter § 6 i arkivlova:

Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i kommunen.

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.

Rådmannen har arkivansvaret

I kommunen er det rådmannen som har arkivansvaret. Som rådmann i Modalen kommune oppmodar eg alle medarbeidarar om å bruka

arkivplanen og fylgja retningslinene i den.

Jo Bjarte Tømmerbakke

rådmann