Modalen kommune nyttar Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS som sitt depot (IKA Hordaland). Kommunen har depotavtaler med IKA Hordaland som skildrar ansvar og mynde (sjå kapittel om depotordning).
IKA Hordaland stettar krav til depot jf. lov om offentlege arkiv med forskrifter. Modalen kommune eig arkiva sine og skal føre tilsyn med at depotordninga blir gjennomført etter lov og forskrift. Under finn ein IKA Hordaland sine retningslinjer, rutinar og innstruksar for selskapet si depotordning og kva selskapet krev av kommunen før ein avleverer til depot.
Laster...